torsdag 26. mai 2011

Konfirmasjonsbord





No er jenta vår konfirmert. Her får du eit lite innblikk i bordpynten. Konfirmanten ønskte at vi skulle pynte i rosa og brunt. Dette vart ein flott kombinasjon og vi vart riktig fornøgde.











Vasane er frå Ikea, medan dei små skålene/glassa kjem fra skapet til bestemor



:)









Vi valgte å få laga ein stor dekorasjon på ein blomsterbutikk og tok så igjen dei tre hovudblostrane når vi laga dei andre blostergruppene.











Serviettane består av to ulike serviettar. Desse er saman bretta som ei vifte, slik at vi fekk fram begge fargane. Nederst har vi surra ståltråd med kvite perler for å holde dei saman







Bordkorta er heimelaga. Her har eg klipt ut store hjerte olimt to og to saman slik at du ser den fine rosafargen på begge sider. Eg har også klipt ut eit lite hjerte som eg har limt på litt i underkant. Som du ser er hjerta limt på ein brun shimmer katong. Sløyfa er knytt saman av brunt og beige sløyfeband og rosene er tofarga i beige og rosa:) alt i alt er det ein rød tråd gjennom heile bordet :)




Var det ikkje lekkert ?? :)


























































1 kommentar:

  1. Veldig lekkert Sølvi-Ann <3
    Dokker e nu bærre så kjæmpeflink!
    Godt å hør at dagen vart fin :)
    Stor klæm fra me <3

    SvarSlett