søndag 8. august 2010

Mor og datter














I sommar hadde vi besøk av mi gode veninne Anneli og familien hennar. Ho har eit fantastisk godt fotoapparat og dette brukte ho flittigt. Siste dagen dei var her brukte vi kvelden til å ta masse flotte bilete av meg og dotter mi.

Her har eg laga ein LO med eit av desse bileta. Synest den vart fin og når eg tenker etter passer den perfekt på hybelen min, så også dette skal opp på veggen der:)
Biletramma har eg kjøpt på Panduro. Synest dei er veldig kjekke sidan dei er trekvite og ein kan difor male dei i den fargen ein ynskjer sjølv. Eg har her brukt vanleg kvitmaling som vi tidlegare har malt dørene i huset med. Praktisk:)
Ha ei flott veke. Klem

onsdag 4. august 2010

LO - eit sommarminne :)





Eg er blitt utfordra av Henrikke der ein skal lage noko som har
assosiasjonar til ein veldig blomstrete sommarkjole.


Tanken var først å lage eit kort, men sidan det er det eg alltid lagar
ville eg prøve meg på ein LO etter gammalt. Dette er min andre LO .
Litt skeiv og skakk ser eg, men alt har jo sin sjarm :)


Eg hadde tankar om å lage noko med lyse trivelige sommarfargar, men etter å ha sett gjennom papirarkivet var der visst lite av dei fargane gitt.
Sidan eg er veldig glad i varme sterke fargar, (orange blant anna),fant eg istaden ein del av dei. Og når eg sit med foten i gips og kan ikkje kjem meg i butikken når eg sjølv vil, måtte eg "ta det man har"

Slik vart min andre LO, bra synest eg, og mine assosiasjonar mot kjolen
kjem her fram av sommarfølslsen :)

Sidan eg er blitt vekependlar og student, skal denne være med på hybelen og hengast på veggen der:)


Ha ein strålande dag. Klem fra meg






søndag 1. august 2010

Bursdagsgåve


Kva skal vi gi til ungdomar når dei har bursdag.
Ikkje alltid like lett å treffe viss vi kjøper noko..... Eg laga difor denne lille boksen til eit av mine tantebarn og la litt pengar oppi. Den vart godt mottatt og blir no brukt til oppbevaringsboks for "nips"
Supert :)
Ha ein fortsatt flott dag og ein fortsatt fin sommar. klem

fredag 30. juli 2010


Lyspose
Av og til får eg så veldig lyst å ta fram symaskina.
Etter eit besøk hos ei god veninne fant eg ut at eg skulle lage ein lyspose til hybelen min. Eg hadde ingen mønster, men eit bilete på netthinna om korleis den skulle sjå ut. Dette vart resultatet, nesten akkurat slik eg hadde tenkt :)
Posen er sydd av linstoff, med kvitt bommullstoffet som for. I saumrommet øverst på posen ( ca.1 cm nedanfor kanten) sydde eg inn blondekanten som eg etterpå bretta ned over toppen. Biletet er eit strykemerke som eg har kjøpt på nettbutikken til http://www.wallas-verden.no/
Synest den vart skjønn, kanskje eit julegåvetips eller bursdagsgåve til ei god veninne :)
Det er i allefall ein fin liten hobby på regntunge dagar :)
Ha ein fortsatt strålande dag.