fredag 30. juli 2010


Lyspose
Av og til får eg så veldig lyst å ta fram symaskina.
Etter eit besøk hos ei god veninne fant eg ut at eg skulle lage ein lyspose til hybelen min. Eg hadde ingen mønster, men eit bilete på netthinna om korleis den skulle sjå ut. Dette vart resultatet, nesten akkurat slik eg hadde tenkt :)
Posen er sydd av linstoff, med kvitt bommullstoffet som for. I saumrommet øverst på posen ( ca.1 cm nedanfor kanten) sydde eg inn blondekanten som eg etterpå bretta ned over toppen. Biletet er eit strykemerke som eg har kjøpt på nettbutikken til http://www.wallas-verden.no/
Synest den vart skjønn, kanskje eit julegåvetips eller bursdagsgåve til ei god veninne :)
Det er i allefall ein fin liten hobby på regntunge dagar :)
Ha ein fortsatt strålande dag.