lørdag 10. januar 2009

Presentasjon

Heia.

Endelig har eg fått meg blogg. Dette er noko eg har tenkt på leeenge, men som nokon av dokke veit er det ikkje alltid like lett å sette tankar ut i verda. Det vil nok ta ei tid før eg riktig finn min nisje her, eg må nok prøve og feile litt, men håpar de har litt tolmod:)

Eg er ei jente i 30 åra. Eg er gift og mor til ein voksen, og to halvvoksne barn, ja og så har vi ein svart pus:)

For tida er eg sjukemeldt. Har desverre vor det ei stund og er no mektig lei av å gå slik. Når kroppen streikar og du ikke klarar den jobben du ønsker , er det ikkje enkelt å klare å tenke nytt og sette dette ut i livet. Eg har hatt god tid til å tenke, noko som har gjort både godt og vondt. Eg har tenkt på kven er er, har vore og kven eg ønsker å være. Det er tøft å innsjå at det er vanskelig å vær den du ønsker når ting går deg imot. Heldigvis har eg nokre gode vener både her som eg bur, på sørlandet og oppe i nord. Sjølv om det er veldig langt mellom vestlandet og nordnorge, har mi veldig gode veninne det oppe både støtta og oppmuntra meg i denne tida. Og det har betydd veldig mykje. Ho har oppmuntra og gitt meg inspirasjon til å gå turar å fotografere, til å begynne å scrappe og til å få min eigen blogg. Sjølv har ho ein heilt fantastisk blogg som er vert å ta ein kikk på for alle å ein kvar:) http://anneli-beauty.blogspot.com/

I denne bloggen som eg kallar Min verden<3, vil eg skrive både på bokmål og nynorsk, alt etter kva eg føler for:) Eg vil fortelle litt om kvardagen, vise nokre av korta eg lagar og kanskje nokre bilder frå turar eg går på. Det er og godt mogeleg at det dukkar opp heilt andre ting som eg ikkje veit no, vi får berre sjå kva som fell seg inn.

Håpar bloggen vil bli noko som fenger og at de vil stikke innom av og til:)

Klem fra meg

1 kommentar:

  1. Du er nå så søt <3 min kjære venninne
    *Blir helt rørt *
    Jeg syns du har fått en kjempeflott blogg allerede (:
    Gleder meg til å få se bilder fra både kortproduksjonen og turene!
    Stor klem til deg <3

    SvarSlett