onsdag 30. desember 2009

Hei alle mine venner.

I dag er nest siste dagen i 2009 og eg synes det gir rom for refleksjoner og ettertanker. Tida fyker og vi med den er det noko som heiter...













Dette året har vært eit år med store forandringar og til tider tøffe tak for oss. Etter 2 år sykemelding var det tid for å ta et alvorleg krafttak og finne ut av seg selv. Etter mye kartlegging både for min egen del og andres......, blei eg heiltidsstudent på Lærarskulen i Sogndal, noko som innebærer at eg er blitt vekependlar og hybelbuar.




Eg reiste til Sogndal med veldig friskt mot, men blei ganske fort oppmerksom på at dette kunne by på litt meir utfordringar enn eg hadde tenkt meg. Etter å ha trudd at det skulle være to klassar med lærarstudentar og ei blanding av både ungdomar og litt meir voksne studentar, vart eg straks klar over at dette var heilt feil. Det er berre ein klasse på 28 studentar og alle er ungdomar utanom meg som nermar meg....... (kunne vore mor til nesten heile gjengen). Men det er ein fantastsik gjeng ungdomar og eg har det egentleg som plomma i egget.




Pendlarlivet vil nok ta lang tid før eg ven meg til. Synest det var like tungt å reise kvar veke og når veka blei ein dag lenger enn eg hadde trudd...... ( ingen studiedag), vart det endå tyngre. Hausten har vore lang, men den siste månden gjekk faktisk betre og betre og det gir meg ein betre følelse. Og så må eg jo ta med at no kjem jo snart våren og då blir jo alt så mykje lettare:) Så tenker eg at når eg har klart meg så langt, så skal eg klare siste del av første året også:)



Juleferien har vore ein fantastisk. Det har vore ein kjærkomen avkobling fra studier og hybelliv og no berre kosar eg med familien min. Vi har hatt nokre deilige dagar i lag med god mat og og godt samvær.



I går hadde eg besøk av ei god veninne. Vi drakk vin og kosa oss til lannnnngt ut i de små nattetimer. Det er lenge sidan det.



I morgon sjølvaste nyttårsafta skal vi ha elsdste sonen og kjærasten på middag, og deretter går vi som vanleg bort til naboen og et desert og kosar oss i lag med dei til langt på natt. Eg nyt å være sosial med familien og vener. Kjenner at dette er det rette livet, og har bestemt at sjølv om eg er student så er det viktig å ta vare på venner og slike stunder, så alle mine venner vær beredt:)




GODT NYTT ÅR

TIL
ALLE SO EIN.




Dette julehuset er egentleg ein kalander som min kjære mann laga til den første jula vår i dette huset (1995). Eg synest det er fantastisk fint, og bruker det difor til nissehus. Det synest nissane også, som kvart år får flytte inn på eit teppe av deileg varm edelgran. Ungane og ellers alle andre julegjestar må kvart år forsikre seg om at det er på plass og det er det sjølvsagt i år og:)



Takk for at du såg innom.


Klem fra meg:)